Aktuelt


Opningstider Norddal legekontor jul og nyttår 2019

21. november 2019 kl. 09:08

Julaftan: stengt

Fredag 27.12.19: redusert kapasitet med legar: øyeblikkelig hjelp timar frå kl.08.30-15.30

Måndag 30.12.19: redusert kapasitet med legar: øyeblikkelig hjelp timar frå kl.08.30-15.30

Nyttårsaftan: stengt

Frå onsdag 02.01.19 vanlege opningstider frå kl.08.00-16.00

 

Interkommunal legevakt opningstider jul og nyttår 2019

21. november 2019 kl. 08:56

Legevakta i Norddal,Stordal, Vestnes og Ørskog

Julaftan: 08.00-15.00 (lege har vakt til 22.00)

1 juledag: 08.00-22.00

2 juledag 08.00-22.00

27.12.19: 15.30-22.00

Laurdag: 08.00-22.00

Søndag: 08.00-22.00

Måndag: 15.30-22.00

Nyttårsaftan: 08.00-22.00

1 nyttårsdag: 08.00-22.00

Legekontora er stengt julaftan og nyttårsaftan

Legekontora er open som vanleg frå 08.30-15.30 kvardagar i romjula

 

Medisinsk Nødtelefon 1-1-3

14. oktober 2019 kl. 12:50


Dette er sentralen som koordinerar ambulansar, luftambulansar og legevaktslegar utenfor sjukehusa. Sentralen er bemanna med sjukepleiarar og ambulansekoordinatorar, og alle er spesialutdanna. Det er sjukepleiaren som svarer når du ringer 1-1-3, mens koordinatoren lyttar på samtalen og sørger for å varsle dei instansane som er nødvendig for å hjelpe deg. Når du ringer vil sjukepleiaren  stille ein del spørsmål. Dette blir gjort for å finne ut kvar hjelpa trengs, kva hjelp som trengs og kva som eventuelt må forberedast inne på sjukehuset. Er det snakk om ein nødssituasjon, vil ambulansen raskt bli varsla. Sjukepleieren vil også kunne gi deg råd om kva tiltak du bør iverksette eller om kva du bør undersøke hos pasienten.

Det er heilt normalt å vere litt stressa i ein nødssituasjon, og sjukepleiarane har god trening i å roe ned deg som ringer. Hvis det er nødvendig, vil sentralen holde telefonkontakt med deg heilt til helsepersonell kjem til staden. Om det er nødvendig kan ein også koble inn dei andre nødetatene i samtalen, for eksempel ved ei trafikkulykke.

Når kan du ringe 1-1-3?
Mange kvier seg for å ringe til medisinsk nødtelefon, ofte i frykt for å forstyrre. Kanskje dette ikkje er alvorlig, kanskje vil du vente og sjå det an? Dessverre er det slik at mange venter for lenge med å ringe, noko som kan føre til eit dårligare utfall for pasienten. Hvis det er heilt åpenbart at pasienten er akutt sjuk eller alvorlig skada, skal du ikkje nøle med å ringe 1-1-3. Her vil tidsfaktoren vere av avgjerande betydning. Men kva om du er i tvil? Kan du da ringe 1-1-3? Ja, det kan du og det skal du! Hvis det skulle vise seg at det ikkje hastar, vil du få råd om kvar du kan henvende deg, eller kva du bør gjere. Husk du er aldri alene, - når du ringer 1-1-3 blir de fleire om å takle situasjonen.

Når hastar det?
Ring alltid 1-1-3 når ein person får:
- nedsatt bevisstheit
- problemer med å puste
- får bleik, kald eller klam hud
- plutselig kraftløsheit
- trykk / press eller smerter i brystet som har vart i mer enn 5 minutter
- Når eit barn er så sjukt at det virkar apatisk, ikkje vil drikke og det blir vanskelig å få kontakt med barnet.
- Ved fall frå høgder over 3 meter
- Ved trafikkulykker, og andre ulykker hvor pasienten kan bli alvorlig skada.Når kan hjelpa vente?
Hvis du meiner tilstanden ikke er livstruende eller potensielt livstruende, men trenger tilsyn av lege innen kort tid, ringer du til legevakten der du er.

 

Nye legar

27. august 2019 kl. 14:14

Vi ynskjer LIS 1 lege Andrea Gran Berild og lege Malene Vinsnesbakk velkomen til oss. Dei startar opp i veke 39.

LIS 1 lege (turnus)

26. august 2019 kl. 11:56

Vi takkar Christian Løvold Storhaug for ein formidabel innsats her ved kontoret dei 6 mnd. han har vore her. Han har sin siste dag her fredag 300819.

Vi ynskjer  Andrea Gran Berild velkomen som ny LIS 1 lege, og gler oss til samarbeid dei 6 mnd. ho skal vere her.

Nettsted for førstehjelp

3. juli 2019 kl. 08:17

Helsedirektoratet lanserar no Norges offisielle nettsted for førstehjelp: https//www.113.no/

Her finn ein informasjonen som trengs for å yte rett førstehjelp

 

Resept på Forbruksmateriell Diabetes

22. mai 2019 kl. 15:14

Apoteket informerar om at HELFO godkjenner ikkje reseptar utan at det er oppgitt i desse kor mange målingar av blodsukker ein har i løpet av dag, veker,måneder.

Ved fornying av reseptar ber vi dykk hugse å nevne/skrive dette.

Takk

Nye legar

30. april 2019 kl. 11:42

Det er med stor glede vi meddelar at Såmund Botnen og Marianne Skuset er tilsette som legar her ved  Valldal legekontor.

Såmund Botnen vil starte opp i juli 2019 og Marianne Skuseth i mars 2020.

Velkomne :)

 

Registrering av ankomst

22. mars 2019 kl. 08:32

Alle pasientar som skal til konsultasjon hjå lege, eller kjem som Øyeblikkelig Hjelp pasientar, skal registrere seg i luke ved ankomst til venterommet på legekontoret.

Takk:)

LIS 1 lege (turnuslege)

5. mars 2019 kl. 14:36

Vi ynskjer Christian Løvold Storhaug velkomn til oss.

LIS 1 lege er den nye tittelen til det vi før kalla turnuslege. Christian starta her hjå oss 01.03.2019 og skal vere til 01.09.2019.'

LIS 1 lege ordninga er som tidlegare, dei har ein praksis på 6 mnd ved eit allmennlegekontor. Det vil bli  LIS 1 lege bytte i månadane mars og september.

"nye" HbA1c-tal (langtidsblodsukker)

7. desember 2018 kl. 13:39

Frå 30 september 2018 har alle målingar av HbA1c blitt angitt i mmol/mol. Dette er ei beslutning frå Helsedirketoratets fagråd for diabetes.

Dette inneber at dagens "ideelle" 7 % blir 53 mmol/mol, medan 9 %-som blir rekna som eit vippepunkt mot betydeleg auka risiko for utvikling av komplikasjonar-blir 75 %

Ein kan finne omregningstabell i diabetsleksikonet på diabetes.no

Digital sjukmelding

14. februar 2018 kl. 10:40

Du kan no sende sjukmeldinga digitalt til arbeidsgivar i staden for å levere den på papir. Frå nav.no sender du sjukmeldinga til arbeidsgivar. Inne på "Ditt sykefravær" vil du bli guida gjennom stega.Arbeidsgivar finn sjukmeldinga i sin meldingsboks i Altinn og sender denne vidare til den leiaren som har ansvar for å følge deg opp medan du er sjukmeldt. NB: har du fleire arbeidsgivarar,eller fleire arbeidsforhold med same arbeidsgivar MÅ legen skrive ei sjukmelding til kvar av dei. Hugs å oppdater arbeidsgivardata ved konsultasjon.

Blodprøvetaking

15. januar 2018 kl. 14:41

For blodprøvetaking bestill time for dette minimum ein dag på førehand. Om ein berre kjem på legekontoret utan å ha bestilt seg time, må ein regne med ventetid og kanskje beskjed om at det ikkje  er høve til prøvetaking. Pasientar som er inne til konsultasjon hjå lege eller som allereie har avtalt  time vil bli prioritert fyrst.

Kvar treff vi deg?

6. desember 2017 kl. 11:06

TELEFONNUMMER(E) Hugs å oppdater oss ved forandringar.

Dine telefonnummere er svært viktige for oss. Vi treng ofte å komme raskt i kontakt med deg, f.eks som når legen her får fråvær ein dag du har time eller vi har viktige prøvesvar til deg. Vi må difor alltid få melding om du forandrar telefonnummer (privat,mobil,jobbtelefon).

Hugs at dette også gjelder dine arbeidsgivardata.

Legeattest ved skulefråvær

8. september 2017 kl. 13:59

Ein attest frå lege er eit formelt dokument som seier at legen har vurdert på fagleg grunnlag at du ikkje kan eller bør møte på skulen av helsemessige grunnar.Som pasient har du ikkje "rett" på ein legeattest sjølv om du kontaktar lege. Legar skal og kan ikkje skrive attestar som eit reint referat av det du eller dine føresette seier.

Legane ved Norddal legekontor skriv normalt ikkje attest for kortvarig sjukefråvær for vanlege helseproblem.t.d forkjølelse. Hugs at det ikkje er krav om å dokumentere fråvær før grensa på 10 % er overskride.  Dersom du blir så sjuk at du treng vurdering og behandling av lege,vil du sjølvsagt bli prioritert på same vis som andre pasientar.

Ved kronisk sjukdom som gjer at du i utgangspunktet må rekne med å ha meir fråvær enn det som kjem inn i dei 10%,kan du få ein attest som skulen kan ta omsyn til.For elevar med særlege problem med å møte på skulen vil legar, helsesyster,BUP m.m samarbeide med skulen om dette.